|
|
Av Pål H. Djuve, generalsekretær
Folkeakademienes Lasndsforbund
|
||
Den
siste tida har aviser og ”brennande” tv-skjermar brakt ungdomsopprøret
i Frankrike inn i heimane våre. Korleis kan slikt skje i ”friheit,
likheit og broderskap”-landet? Dei siste åra har Staten kutta drastisk
i budsjetta. Mange førebyggjande og utviklande tiltak er redusert
eller fjerna. Konsekvensen er tøffare politi og fleire gjengar.
Det vil ta år å få desse tinga på plass att. Dei
unge er ikkje berre annan generasjons innvandrarar, men også annan
generasjons arbeidsledige som no er lært opp til vald. Dette er ikkje
eit politisk opprør, men eit opprør retta mot samfunnet som
ekskluderar dei. (Aftenposten 9.11.05)
Kan noko liknande skje i Norge? Sjølv om tilhøva i norske drabantbyar ikkje kan samanliknast med fattigforstadane i Frankrike, er det ting å uroe seg over. Vi høyrer om innvandrarar utan arbeid, som droppar vidaregåande skule, om overrepresentasjon på kriminalstatistikkar, sosialkontor og krisesentre, om førsteklassingar som ikkje snakkar norsk sjølv om dei har budd i Norge heile livet og om skular som knapt har etnisk norske elevar, om omskjering, tvangsgiftarmål og æresdrap. Tydelegvis har ikkje utviklinga
gått etter planane. Har samfunnet svikta? Det kan nok vere, men vi
kan ikkje plassere all skulda der. ”Ikkje alle innvandrarar er snille,
gode, sosiale og tilpasningsdyktige”, uttalar professor og sosialmedisinar
Berthold Grünfeld.
Betyr dette at innvandrarforeldre
vil skjerme barna sine frå ein norsk kultur og væremåte
som dei ser på som trugande? Mange, også innvandrarar, meiner
det. Å snakke godt norsk og kjenne norsk kultur er inngangsnøkkelen
til samfunnet. Men korleis få til integrering når mange ikkje
snakkar norsk i det daglege? Er framtidas løysing å busse
etnisk norske barn og barn med innvandrarbakgrunn kvar sin veg for at desse
skal kunne ha omgang med kvarandre på skulen og i det daglege?
Om politikarane ønskjer å bruke det frivillege apparatet, vil mange stille opp. Entusiasme og idealisme har frivillege i rikt monn, og det er viktig. Men tiltak som igangsetjast bør vere regulære, varige og basert på kunnskap om kva som virkar. Så vi treng hjelp! Det betyr at politikarane
og det offentlege må sjå på frivillege organisasjonar
som likeverdige partnerar og bistå med naudsynt fagleg kompetanse
frå skulehald, institusjonar, forskningsmiljø osb. Og skal
tiltaka få tilstrekkeleg omfang og regularitet, trengs også
pengar.
[Des-2005]
|
|||
|
|
|