|
|
Fra
NØKKELEN
nr 4/2002.
|
||
|
|
Folkeakademistar
veit at det å tileigne seg kunnskap, dele kulturopplevingar og vere
kulturaktiv betyr mykje. Hvis departement og storting gjev oss betre økonomiske
vilkår, vil langt fleire får høve til å oppleve
den gleda slik aktivitet gjev. Lista over det vi vil og kan gjere meir
av, er lang. Vi vil:
Kva må så til for at folkeakademistane kan yte meir? Landsforbundet og distriktssamskipnadene må sjølvsagt gjere det dei kan for at akademistane skal kunne gjere jobben sin best mogleg. Men det er og andre viktige moment. I «Den kulturelle skulesekken» vil det frå 2003 og i åra som kjem bli styrt inn mange millionar i tippemidlar. Folkeakademia både på fylkes- og lokalt nivå har mykje å bidra med i skulesekkarbeidet - om vi får lov. Til dømes har distriktssamskipnadene dei siste åra årleg sendt omlag 100 turnear med 1000 turneprogram ut på vegen. Fleirtalet av desse retta mot til barn og unge. Fleirtalet av dei lokale akademiarrangementa er også retta mot denne gruppa. Klart at her ligg ein stor ressurs. Kulturdepartementet har definert barn og unge som hovudmålgruppa vår. Difor burde det vere naturleg at Folkeakademia får bli samarbeidspartner i skulesekken. Men det er slett ikkje sjølvsagt. Mange fylkeskommunar er i ferd med å gjere dette til ei offentlig sak der frivillige organisasjonar ikkje får vere med. I fall det vert slik får barne- og ungdomsarbeidet vårt eit alvorleg skudd for baugen. Og jo - vi treng meir statlege midlar. For 2003 søkte vi Kulturdepartementet om eit løft i løyvinga på 2.5 millionar. Det
var ikkje vanskeleg å dokumentere behovet for ei slik auke. Men vi
vil vere takksame for kvar ekstra krone og kan garantere at det vil kome
mykje og god aktivitet ut av dei.
|
||
|
|
|