Prosjekter 2003

 

Søknadsfrist for prosjektstøtte i 2004 er 25. januar. Vi antar at vilkårene ikke vil bli vesentlig endret i forhold til 2003.

I utlysningen for år 2003 het det blant annet:

Prosjekt som kan få internasjonale, fylkes- eller landsomfemnande verknader vil få prioritet. Om fylkeskommunen er aktiv samarbeidspartnar vil dette kunne styrke søknaden.

Det er ein føresetnad at distriktssamskipnaden er aktivt involvert i prosjektet, anten ved sjølv å stå som initiativtakar/gjennomførar, eller vere aktiv og deltakande samarbeidspart. Å berre vere økonomisk støttespelar kvalifiserar ikkje til prosjektstøtte.

Alle søknader om midlar skal gå gjennom distriktssamanslutninga og distriktssamanslutninga skal vere involvert i prosjektet sjølv om det er lokale akademi som står som søkjar.

Midlane frå FAL skal maksimalt finansiere 50% av prosjektutgiftene.

Fleirkulturelt arbeid/arbeid mot rasisme og valdsproblematikken er proriterte tema. Ein minner og om det prioriterte målgruppene born, unge og eldre samt folk som bur på institusjonar.

Mer informasjon fåes ved henvendelse til FAL.

[NABO I NORD]  [RØDT LYS]
 
Akershus Oppland-Hedmark Buskerud Vestfold Rogaland Hordaland
  • Ungdom i styret: 

  • Folkeakademiet Hordaland og lokallaga vil gjerne at ungdom kjem sterkare inn når det gjeld kva program lokallaga skal ha. Sju lokallag er plukka ut for å prøva dette ut: Askøy, Kvam, Os, Bergen Sentrum, Arna og  Åsane. Utveljinga er gjort i samråd med Hordaland Barne- og Ungdomsråd (HBUR), etter å ha vore i kontakt med folkeakademia. På dei aktuelle stadene er det barne- og ungdomsråd eller ungdommens kommunestyre.
    Frå HBUR er det sendt eit fylgjeskriv der dei ber lokale barne- og ungdomsråd fylgja opp det me ber om: at det lokale barne- og ungdomsrådet kan nemna opp ein representant til å vera eit konsultativt medlem av styret i det lokale folkeakademiet. Vedkomande vert kalla inn til nokre av styremøta i folkeakademiet, der program vert sett opp med tanke på at det skal vera eitt eller fleire eigne arrangement for ungdom.
    Kvifor eit konsultativt medlem? Dersom vedkomande skulle vera styremedlem, kunne det by på prinsipielle vanskar når det gjeld medlemskapen. Ein konsultativ medlem treng heller ikkje verta med på heile styremøtet, eller alle styremøta. Sjølv om dette er ledd i å få med yngre i styret, og få i gang ungdomsprogram, må ein også vera realistisk, og sjå i augo at ikkje alle styra har møte der alle sakene er så interessante for ungdomar. Det vert også ei oppgåve for styra å få unge til å kjenna seg vel mottekne, og gjera styremøta interessante for dei. Difor kan det vera greitt å starta med konsultativt medlem.
    I utgangspunktet er det sett av ekstra midlar til 2 program i kvart folkeakademi som er involvert.
    Tidsrom: 02
    Arrangør: Folkeakademiet Hordaland

    Kontakt: Folkeakademiet Hordaland
  • Litauisk jentekor: 

  • L.
    Tidsrom: 3.-8. mai 2003
    Arrangør: Folkeakademiet Hordaland

    Kontakt: Folkeakademiet Hordaland
Sogn og Fjordane Hålogaland
© FAL 2003