Folkeakademiet sitt idégrunnlag

Vedteke på landsmøtet 2000

IDÉGRUNNLAG
bokmål
samisk

Klikk her for å få tilsendt brosjyre med meir informasjon om Folkeakademiet
Folkeakademiet sitt idémessige grunnsyn byggjer på:
  • Omsorg og respekt for alt liv
  • Likeverd, venskap og gjensidig tillit mellom mennesker
  • FN-erklæringa om menneskerettane


Folkeakademiet arbeider for:
 

  • å gje flest mogleg kunstnarlege og kulturelle opplevingar

  •  
  • at alle får utvikle sine skapande evner og bli engasjerte og ansvarsbevisste menneske

  •  
  • å vere ein formidlingsredskap for kunstnarar, kulturutøvarar og folkeopplysarar, og på det viset medverke til å gje dei gode vilkår for si skapande verksemd

  •  
  • at kultur og kunnskap skal bli berebjelkar i samfunnet

  •  
  • å ta vare på og utvikle både den fysiske (materielle) og den åndelege (immaterielle) kulturarven

  •  
  • at flest mogleg utviklar eit kultur- og samfunnsengasjement, og slik styrker demokratiet

  •  
  • levande lokalmiljø og eit integrerande samfunn der menneske med ulik bakgrunn kan arbeide saman til beste for ei god framtid

  •  
  • eit samfunn der eit langsiktig forvaltningsperspektiv tar omsyn til alt levande liv, til miljø, kultur og natur, og der livskvalitet blir prioritert framfor auka forbruk

  •  
  • alle folkeslag og etniske grupper sin rett til å praktisere eigen kultur


© FAL 2002