Samspill om spaserstokken

Tekst: Pål H. Djuve

Konferansen i Trondheim 19. - 20. oktober tok utgangspunkt i ei evaluering av kultursatsinga for seniorar i Trondheim i perioden 2002-2006. Konferansen var støtta av Kultur- og kirkedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Sosial- og helsedirektoratet.
 

REGJERINGA  Regjeringa lanserte si nasjonale satsing på Den kulturelle spaserstokken (DKSS) i sommar. 10 millionar kronar er sett av til spaserstokk-arbeid neste år, men førebels er det ikkje bestemt korleis arbeidet skal føregå eller kven som skal få vere med. Slik sett var Samspill 06 viktig som ein idéverkstad for dei involverte departementa. Presentasjon av ”Trondheimsmodellen” og alternative organiseringsmodellar sto difor sentralt.
Kultur- og kirkeminister Trond Giske snakka varmt om samarbeid mellom kultur- og helsesektorane og om det viktige i å leggje tilrette for dei som ikkje kan nytte seg av det ordinære kulturtilbodet. Statistikken dokumenterar, sa han, at eldre mellom 69 og 79 år deltek langt mindre i kulturtilboda enn andre. Vi har tilstrekkeleg kunnskap til å begrunne ei kultursatsing på eldre. Helse- og livskvalitet er nøkkelfaktorar i livet. Dette må også vere det viktigaste i politikken. Eldre må bli aktive kulturdeltakarar, og vi må bruke dei som ressurs.

HUMOR  I programmet var det lagt vekt på å få fram korleis ein kan nytte humor i omsorgs- og kulturarbeidet for eldre og pleietrengande. Dei to nasjonale humoristane Arthur Arntzen og Per Inge Torkelsen tok seg av det på ein forbilledleg måte. At humor er eit utruleg positivt virkemedel, var nok samtlege deltakarar samde om etter å ha ledd seg skakke av begge. Men god humor handlar om meir enn berre å få folk til å le. Det ligg ofte alvor og haldningar bak. Eit slikt utgangspunkt for humoren har både Arntzen og Torkelsen.
Den nye omsorgsmeldinga, Den kulturelle spaser-stokken og de frivilliges rolle, Trygt å bli gammel i Trondheim, Seniorprosjektet INN ved kvalifiserings-senteret for innvandrere, Kultursatsingen for seniorene i Trondheim, Livsglede for eldre, Den blå timen, Prosjektet Kulturvertene og Samarbeidet med Den kulturelle spaserstokken i Sandefjord var andre tema.
Statssekretær Rigmor Aasrud frå Sosial og helse-direktoratet orienterte om stortingsmeldinga Mestring, muligheter og mening – framtidas omsorgsutfordringer. Store utfordringar framover er aldring, nye brukergrupper (mange under 67 år), mangel på omsorgsytarar 

(125 000 nye medarbeidarar trengs fram mot 2015), medisinsk oppfølging og aktivitet og sosiale og kulturelle tilhøve. Det siste som dreier seg om å gje livet innhald, er den største utfordringa. Men det er også der vi står svakast i dag, sa ho. 

Meldinga tek i det vesentlege utgangspunkt i korleis det offentlege må utvikle seg for å møte utfordringane. Det næraste meldinga kjem frivillegheit, er kapitlet ”Partnerskap med familie og lokalsamfunn” med punktet om å styrke og byggje opp fleire frivillegheitssentralar.
Når det gjeld Den kulturelle spaserstokken, vert det sagt i meldinga at verkemedelet må vere eit auka samarbeid mellom kultursektor og omsorgsteneste gjennom finansiering av konkrete kulturaktivitetar etter modell av ”det beste” frå Den kulturelle skolesekken. Med andre ord ikkje så mykje å hente for dei frivillige organisasjonar her.
Rådgjevar Solveig Bjerknes, Kulturdepartementet, var langt meir open for frivilleg deltaking. I foredraget sitt om DKSS og dei frivilleges rolle, sa ho at dei ville bruke konferansen til å hauste røynsle. Når vi planlegg aktivitetane, må vi tenkje over kven vi skal nå, sa ho og peika på at det for alle er viktig å kunne oppleve kultur i lokalmiljøet. Nøkkelord for Spaserstokken er varige tiltak, høg kvalitet, kulturelt mangfald, lokal forankring og samarbeid mellom profesjonelle, frivillege og det offentlege. Då må vi også leggje til rette for samarbeid. Dei frivillege må med i planlegginga snarast råd. Frå det offentlege kan du ofte høyre at det tek for lang tid når frivillege skal involverast. Men den tida må vi ta oss, sa ho. Vi må bruke både frivillighetssentralane og frivillege organisasjonar. Skal vi lukkast, er det viktig å få til eit godt samarbeid.

FELLES KULTUROPPLEVINGAR  Kommunaldirektørane Gerhard Dalen (kultur og miljø) og Tor Åm (helse og velferd) i Trondheim, la vekt på fellesskap og kulturopplevingar som strategi for eit betre omsorgstilbod. Kommuneplanen i Trondheim seier at kunst og kultur skal vere basis for utviklinga. Planen peiker også på dei eldre både som ressurs og som konsumentar. Som følgje av det har Trondheim i 2006 løyvd 2 mill kronar til Den kulturelle spaserstokken. Målet er at alle skal ha tilgang til sosiale aktivitetar og kulturtilbod. 

For å få til det, har kommunen tilsett mange miljøvertar/aktivitørar og kulturvertar. Samstundes seier også planen at det er viktig å samarbeide med frivillege lag og organisasjonar. Desse er difor ein viktig del av kontaktnettverket.

Seniorprosjektet INN er eit av prosjekta kommunen driv. Sidsel Tømmerås og Gro Magnussen frå Kvalifiseringssenteret for innvandrere (INN) fortalte at målet er å synleggjere dei eldre innvandraranes ressursar slik at dei kan ta del i det norske samfunnet på lik line med øvrige innbyggjarar og få ein god alderdom. Dei kartlegg m.a. innvandrarar over 55 år for å avdekke deira behov. Eit viktig poeng er å la eldre innvandrarar medverke til verdiskapning og kulturelt mangfald. Dei har funne ut at eldre og yngre innvandrarar har mange fellestrekk, t.d.:

• manglande nettverk
• dei er einsame
• norskundervisning er einaste tilbodet
• dei opplever ei kjensle av hjelpesløyse ovafor det offentlege hjelpeapparatet
• arbeidsmarknaden er utilgjengeleg
• økonomi hindrar dei i å delta
• livet har ikkje lenger meining når dei ikkje har nokon funksjon
• dei manglar informasjon om tilbod til norske eldre
• dei ønskjer seg ein møteplass
Dei som har vore i Norge meir enn 5 år, har ofte gitt opp å lære norsk og deltek difor ikkje i ”norske” aktivitetar. 

ELDRESATSING I TRONDHEIM  Rådgjevar Karin Amble og prosjektleiar Hanne J. Sunde ga ei oversikt over kultursatsinga for seniorane i Trondheim. Sidan 2002 har det vore 781 arrangement på 106 ulike arenaer med tilsaman 40 000 publikummarar. ”Suksessfaktorar” har vore:

• Høg kvalitet/profilerte namn
• God marknadsføring
• Bruk av seniorar som ressurs – m.a. med tilretteleggjing for aktivitetar der dei eldre sjølv er aktive deltakarar
• Anerkjenning av kultur som verkemedel i helsefremjande arbeid
• Samarbeid på tvers
Andre moment har vore å leggje kulturtilboda til nærmiljøa og at Spaserstokken har tilbode arrangement innanfor alle kunst- og kulturgenrane. Denne bredda er viktig. Det same er samarbeidet om både små og store arrangement, at ein nyttar både kjente profesjonelle og lokale amatøraktørar. Tilboda skal også ambulera og må vere brukertilpassa. Døme på treffstader er eldresentra, felleslokale og bydelskafear.
Evalueringa syner også at tilsette på sjukeheimar ser positive effektar av kultur. Dei mest vellukka har vore små arrangement som ikkje har vore opne for alle. Og jo meir kulturen er forankra i kvardagen for dei som arbeidar og bur på heimen, jo meir positivt er det.

MÅLBAR LIVSKVALITET  Har prosjekta til Trondheim kommune ført til betre helse og auka livskvalitet? Informasjon frå 100 informantar syner at det kan ha gjeve auka helseeffekt. Utfordringa ein ser er at det er trong for større lokalforankring av tiltak.
Livsglede for eldre i Trondheim, er ein avleggjar av Livsglede for eldre i Kristiansand. Sjukepleiarstudent og leiar Sigrid Seppola m.fl. fortalte om korleis dei hadde arbeida opp prosjektet i Trondheim. 
Prosjektleiar for Den blå timen, Rut Jorunn Rønning, fortalte om prosjektet som er eit samarbeide mellom Kongsberg, Flesberg og Tinn kommune og Folkeakademiet i dei tre kommunane. Den blå timen inneheld kulturopplevingar av høg kvalitet tilpassa bo- og omsorgsinstitusjonar. Det er viktig med systematikk og planleggjing, sa Rønning. Med tanke på både utøvarar og institusjonar må ein vere ute i god tid. Kvar institusjon skal få mange og regulære tilbod. Dette er viktig, men det er ein overgang for institusjonane å skulle ta imot mange besøk. Det er utarbeidd enkle evalueringsskjema for utøvarane og institusjonane.
Rønning kunne og fortelje at Drammen kommune har sett av 400.000 kronar i året til kvalitetssikra og tilrettelagte kulturopplevingar for eldre. Alle dei 10 institusjonane får same tilbodet. Det har vore meir enn 150 arrangement første året, og opplevingane er gratis. I Drammen har dei også med hell brukt kunstutstillingar med abstrakt kunst som har stått 3-4 veker på kvar institusjon.  Mange eldre ønskjer også å møte barn. Dette kan gjerast i eit samarbeid med kulturskulen, barnehagar og barneskular. Dei samarbeidar nært med frivillegheitssentralane. 

KULTURVERTANE  Den kulturelle spaserstokken har lagt opp til arrangement for mellom 30 til 100 personar. Dette høver ikkje for alle, og ein har difor gradert tilbodet. Prosjektet Kulturvertane, representert med prosjektleiar Trygve Fætten, retter seg mot grupper mellom 5 – 30 personar. Kulturvertane finst 10 stader i Trondheim og samarbeidar med kulturomboda (som har gått på kultursamarbeidsskulen), med miljøvertar og med ambulerande aktivitørar. Arrangementa går stort sett føre seg på sjukeheimar og dei kommunalt drivne bydelskafeane.
Også i Sandefjord er arbeid med DKSS starta opp. Prosjektleiar Rolf Vidar Markmanrud orienterte om korleis dei har tenkt seg dette. Dei har førebels berre hatt eitt arrangement. Markmanrud la vekt på at Sandefjord ikkje kan få til eit godt tilbod utan eit sterkt samarbeid med frivillege organisasjonar. 

 
 

[oppdatert 14.02.2007]