Lederen:
Sett spor!

Av Pål H. Djuve, generalsekretær Folkeakademienes Landsforbund


LANDSMØTET  vedtok at satsingstemaet kommande år skal vere Frå innvandrar til medborgar og året etter Den kulturelle spaserstokken.  Like etter landsmøtet i juni proklamerte statsministar Stoltenberg regjeringas kulturelle spaserstokk og at dei løyver 10 millionar kroner til denne i 2007.
Utspelet frå regjeringa gjer at folkeakademia må prioritera opp Spaserstokken frå 2007. Begge tema vert no førebudd av FAL som 2-årssatsing. I tillegg har Regjeringa proklamert 2008 som mangfaldsåret. Slik sett legg ting seg snodig nok tilrette. No gjeld det å få til mange og gode aktivitetar og å synleggjere dei – begge åra.

MED OMSYN  til folkeakademias arbeid med tilbod til eldre- og institusjonar, er målsettinga at minst 20% av aktiviteten skal vere retta mot desse. Dette er inga heksekunst å få til, då vi alt ligg over denne prosentsatsen. Så utfordringa her ligg langt meir i å synleggjere aktivitetane.
Når det gjeld Frå innvandrar til medborgar-aktivitetar, så er talet på slike aktivitetar naturleg nok langt mindre. Her ligg det med andre ord ei stor utfordring. Men å få til det vil ta tid. Slik sett er det nok inga ulempe at mangfaldsåret kjem i 2008. Vi får då tid til å byggje opp ei meir systematisk satsing i løpet av året som kjem.
Med tanke på synleggjering har FAL m.a. laga logoar som også kan nyttast som klistremerke. Det er viktig at alle brukar desse. 

ALLE AKADEMI  har fått 3 eksemplar av handlingsplanen Vi setter spor. Landsstyret ber alle distrikt og akademi drøfte planen i styret og med bakgrunn i lokale tilhøve lage til tiltak.
Men akademia kan og ta fatt i andre tema i Vi setter spor. T.d. kan Syng for livet også bli ei landsomfemnande satsing då Rikskonsertane har starta førbuing av noko dei kaller ”Hele Norge synger”. Ein folkeopplysningsorganisasjon må også ta opp sentrale samfunnstema. Se verden i øynene oppfordrar til det. T.d. den urovekkjande klimautviklinga. Har vesle Folkeakademiet ei rolle å spele her? Vi trur det. Folkeakademiet har ei unik moglegheit til å få menneske i tale – til å skape møteplassar der folk både kan få informasjon og diskutere – også med tanke på å motivere politikarane til å ta naudsynte – kan hende upopulære grep, samt drøfte kva ein kan gjere lokalt og personleg. For kvar og ein av oss har også eit ansvar.  Ei ung jente skriv m.a. følgjande til ungdomssida Si;D i Aftenposten:

”Jeg blir helt dårlig inni meg når jeg ser alt vi gjør med den fantastiske planeten vår, som vi er så utrolig heldige å få leve på. I løpet av de siste årene har vi fått enda bedre teknologi, flottere biler og større hus. (…) Det virker som om det eneste folk tenker på er penger. Den korteste og billigste veien til å tjene penger. (…) Skal vi bry oss mer om penger enn om å ha et sted å leve? Problemet er å få folk til å høre etter, se seg rundt, og forstå hva som må gjøres. Vi har teknologien til det, men det som mangler er politisk viljestyrke og handling. Må vi miste jorda vår for at folk skal innse problemet?”

EIT TANKEEKSMPERIMENT: Om ein tilreisande frå ein annan planet sto på månen og kikka ned på jorda og menneska her, kva ville ho då tenkje? Ville svaret vere: ”Dei som befolkar denne planeten er sanneleg intelligente og humane. Dette må eg rapportere heim om, slik at jorda kan bli eit førebilete for andre planetar?”

EIN ORGANISASJON  er ein reiskap for noko. Folkeakademiet skal vere ein reiskap til ei betre framtid, seier idégrunnlaget. Vi er ein uavhengig organisasjon som kan få menneske, organisasjonar og institusjonar i tale på tvers av politiske, etniske, religiøse og andre skiljeliner. Vi har vedtektsfesta at vi skal samarbeide – eit utgangspunkt som ikkje mange andre har. Det må vi bruke.

VI SETTER SPOR  synleggjer mål og strategiar. Om Folkeakademiets tillitsvalde grip fatt i satsingsområda, får planen den rolla han skal ha. Og Folkeakademiet vert ein organisasjon å vere stolt av. 

[oppdatert 14.02.2007]