I prinsesse Kristina sine fotspor

Tekst: Anne Lise Hessen Følsvik

I 1953 hende det at ein sarkofag i stiftskyrkja i fjellandsbyen Covarrubias i Spania som alle trudde var tom, vart opna ved eit uhell. Den inneheldt ei strålande vakker kvinne med langt lyst hår, rosa negler og krittkvite tenner. 
 

HO VAR  kledd i ein vakker kjole og hadde ein papyrusrull under hovudet. Språket på papyrusrullen viste seg å vere gamal-norsk, og ein kunne lese at kvinna var prinsesse Kristina Håkonsdatter. Sarkofagen blir no tatt godt vare på og står i stiftskyrkja i Covarrubias.

I året 1257 drog norske prinsesse Kristina med stort følgje frå Tønsberg med det fjerne kongeriket Kastilja i Spania som mål. Kristina var dotter av kongen i Noreg, Håkon Håkonson, og ho vart lova bort til bror til spanskekongen, prins Filippe. Prinsesse Kristina var ei svært vakker og ressurssterk kvinne, som mellom anna hadde studert algebra og latin, og ho hadde lært både fransk og tysk språk. Musikk, historie og lyrikk var andre interesser ho hadde.
Turen til Spania gjekk med båt, og vi veit at ho kom fram til Las Huelgas klosteret i Burgos i Spania julaftan 1257. Ho gifta seg med prins Felipe i mars 1258, og brudeønskjet hennar var at det skulle byggjast eit kapell til ære for Olav den Heilage i Spania. Felippe lova henne dette, men kapellet vart aldri bygd. Prinsesse Kristina levde berre 4 år i Spania, og døydde berre 28 år gamal. Ho vart gravlagd i ein sarkofag i klosterkyrkja i byen Covarrubias, der prins Felippe tidlegare hadde vore abbed. Slik enda historia om den vakre prinsessa frå Noreg.

I Tønsberg er det oppretta ein komité som arbeider for at prinsesse Kristina sitt ønskje om at det skal bli bygd eit St. Olavs kapell i Spania, skal oppfyllast. Kapellet skal byggjast i Covarrubias der sarkofagen til prinsessa er. Det er i år 750 år sidan Kristina forlet Tønsberg, og dette har vore markert både i Tønsberg og i Spania.

EMBLA – FREDSSKIPET  Viking-skipet Embla er bygd i Bjørke-dalen på Sunnmøre og er eit skip som er eigd av kvinner frå kommunane Volda, Herøy og Eid. Dei har gått saman i ein stifting, og båten blir brukt i freden si teneste. Emblaskipet dreg ut i verda med eit fredsbodskap, og dei har tidlegare vore heilt til Amerika, Italia og Frankrike og i fleire andre land. Dei brukar med det eit skip som tidlegare var eit krigsskip, som eit fredssymbol. Kvinneskipet Embla var med på markeringa av jubileet for Kristina i Tønsberg 1. - 3. september i år. Skipet vart eit symbol på det som hende for 750 år sidan.

EMBLA-KVINNENE TIL SPANIA  Midt i september gjekk så ferda vidare til Spania og Covarrubias for Embla og 17 av kvinnene som er med i stiftinga. To av dei som var med til Spania på denne fantastiske turen er daglege leiarar i kvar sitt distriktsakademi. Det er Svanhild Lothe frå Sogn og Fjordane og Anne Lise Hessen Følsvik frå Midt-Norge. Båten vart frakta til Spania av rederiet Lyseline, og då vi kom fram til Covarrubias den 15. september, var båten trygt plassert midt på torget i byen.
Det vart eit hjarteleg gjensyn for Embla-kvinnene med båten! Covarrubias er ein liten by 30 mil nord for Madrid. Han ligg 800 meter over havet og har om lag 600 innbyggjarar. Det er ein flott, gammal by med to kyrkjer, eit rikt klostermuseum og eit tusen år gammalt pyramideforma tårn som dei er svært stolte av. Sarkofagen til prinsesse Kristina står her, og det er reist ei statue av henne rett ved kyrkja. Laurdag 16.september starta feiringa i Covarrubias, og då hadde vi rigga båten med skjold, banner og flagg og reist masta. Ordføraren i byen og andre offisielle personar stod for arrangementet som gjekk føre seg på rådhusplassen der Embla stod. Representantar for Den norske ambassade i Madrid og frå Kristina-komiteen i Tønsberg var også med på feiringa. Spanske kvinner som dansa folkedans, og Embla-kvinnene fann saman i dans og song. Dette er eit språk alle forstår. Dagen vart avslutta med Embla sin fredsappell og lyssermoni og eit stort fakkeltog gjennom dei mørke, tronge gatene i Covarrubias. Toget gjekk mellom dei to kyrkjene, gjennom klosterhagen og forbi Kristina sin sarkofag. Dette vart ein utruleg vakker oppleving med spanjolar og nordmenn side ved side i skinet frå faklane og lysa på fredsskjoldet frå Embla, bore fram til statuen av prinsesse Kristina. Spanske og norske songar høyrdest godt både i kyrkja og ute i gatene. 

Besøket i Covarrubias viste oss enno ein gong at fredsskipet Embla er med og knyter kontakt og opnar dører der det kjem. Bodskapen vert motteken, og vi fekk sjå at folk er opptekne av fredstanken på tvers av landegrenser og språk. Kapellet til St. Olav vert reist i Covarrubias. Det skal stå ferdig i 2007. Båten skal no overvintre i Spania, og Emblastiftinga er innbeden til å ta del i eit stort arrangement i byen Catoira, som ligg nordvest i Spania, i 2007. Så kanskje nyttar to daglege leiarar frå Folkeakademiet ferien sin neste år også til å vere med på enno ein tur saman med kvinner som ber fram fredsbodskapet i form av eit vikingskip.
 

Les meir om Stiftinga Embla

[oppdatert 15.02.2007]