Nærmiljøet
- Den viktigaste integrerings- og sosialiseringsarenaen

Av Pål H. Djuve, generalsekretær Folkeakademienes Lasndsforbund
NØKKELEN nr 4/2005

Den siste tida har aviser og ”brennande” tv-skjermar brakt ungdomsopprøret i Frankrike inn i heimane våre. Korleis kan slikt skje i ”friheit, likheit og broderskap”-landet? Dei siste åra har Staten kutta drastisk i budsjetta. Mange førebyggjande og utviklande tiltak er redusert eller fjerna. Konsekvensen er tøffare politi og fleire gjengar. Det vil ta år å få desse tinga på plass att. Dei unge er ikkje berre annan generasjons innvandrarar, men også annan generasjons arbeidsledige som no er lært opp til vald. Dette er ikkje eit politisk opprør, men eit opprør retta mot samfunnet som ekskluderar dei. (Aftenposten 9.11.05)

Kan noko liknande skje i Norge? Sjølv om tilhøva i norske drabantbyar ikkje kan samanliknast med fattigforstadane i Frankrike, er det ting å uroe seg over. Vi høyrer om innvandrarar utan arbeid, som droppar vidaregåande skule, om overrepresentasjon på kriminalstatistikkar, sosialkontor og krisesentre, om førsteklassingar som ikkje snakkar norsk sjølv om dei har budd i Norge heile livet og om skular som knapt har etnisk norske elevar, om omskjering, tvangsgiftarmål og æresdrap.

Tydelegvis har ikkje utviklinga gått etter planane. Har samfunnet svikta? Det kan nok vere, men vi kan ikkje plassere all skulda der. ”Ikkje alle innvandrarar er snille, gode, sosiale og tilpasningsdyktige”, uttalar professor og sosialmedisinar Berthold Grünfeld.
For det finst innvandrargrupperingar som berre i mindre grad tek del i samfunnet Ikkje alle har tradisjon for å delta i organisasjonslivet utover kan hende eigne religiøse organisasjonar. Ein rapport laga av FAFO (publ. mai 05) på oppdrag for Barne- og ungdomsrådet i Oslo har kartlagt i kva grad 3000 ungdomar i 16-årsalderen deltek i organisasjonar og foreiningar. Resultatet syner store skilnader mellom norsk og utanlandsk ungdom med omsyn til deltaking i organiserte fritidsaktivitetar. Men det er og stor variasjon mellom ikkje-vestlege ungdomar. T.d. er ungdom med bakgrunn frå Sri Lanka og Iran mest like aktive i foreiningar som dei etnisk norske, medan pakistanske jenter deltek minst.
Det er likevel oppmuntrande at ungdom med ikkje-vestleg bakgrunn seier at dei har lyst til å bli med i idrettslag, hobbyforeiningar, religiøse og andre typar organisasjonar. Og det er dei pakistanske jentene som har mest lyst til å bli med. Motivasjonen er altså til stades. ”Det er forventningane til foreldra som gjer at dei ikkje er med i anna enn religiøse foreiningar”, seier samfunnsforskar Jon Horgen Friberg som har skrive rapporten. Mange jenter får rett og slett ikkje lov heime. 

Betyr dette at innvandrarforeldre vil skjerme barna sine frå ein norsk kultur og væremåte som dei ser på som trugande? Mange, også innvandrarar, meiner det. Å snakke godt norsk og kjenne norsk kultur er inngangsnøkkelen til samfunnet. Men korleis få til integrering når mange ikkje snakkar norsk i det daglege? Er framtidas løysing å busse etnisk norske barn og barn med innvandrarbakgrunn kvar sin veg for at desse skal kunne ha omgang med kvarandre på skulen og i det daglege?
Og kva skjer når etnisk norske vaksne som har drive lokale organisasjonar og andre frivillege tiltak flyttar? Vil innvandrarar utan organisasjonstradisjonar drive desse, eller vert tilboda lagt ned? Vil fotballklubben og musikkorpset eksistere? Speidaren? Eller dei andre organisasjonane? Kan det offentlege overta? Nei, offentlege tiltak vil aldri kunne erstatte det frivillege tilbodsmangfaldet.
Det er i skulen, arbeidslivet og nærmiljøet integreringa og sosialiseringa må skje. I nærmiljøet er organisasjonane med tilbod og moglegheitar for aktiv deltaking, særs viktige. Mange organisasjonar og foreiningar er alt positive medspelarar i integreringsarbeidet. Folkeakademia står m.a. for flotte, tverrkulturelle tilskipingar rundt om i landet. Våre programtilbod er også av ein slik art at mange med innvandrarbakgrunn har glede av dei.
Organisasjonane ønskjer også å få innvandrarar med på aktivitetar som ikkje primært er retta mot dei sjølv og med på å ta ansvar for å drive tilboda. Ikkje mange har lukkast godt med dette til no, men å få til det vil vere ekte integrering.Vi må difor halde fram med å prøve. Er det kan hende ein idé for organisasjonane å bruke skulane, som er ein plass foreldre og barn kjenner seg trygge, meir som aktivitetsarena på ettermiddags-/kveldstid? 

Om politikarane ønskjer å bruke det frivillege apparatet, vil mange stille opp. Entusiasme og idealisme har frivillege i rikt monn, og det er viktig. Men tiltak som igangsetjast bør vere regulære, varige og basert på kunnskap om kva som virkar. Så vi treng hjelp!

Det betyr at politikarane og det offentlege må sjå på frivillege organisasjonar som likeverdige partnerar og bistå med naudsynt fagleg kompetanse frå skulehald, institusjonar, forskningsmiljø osb. Og skal tiltaka få tilstrekkeleg omfang og regularitet, trengs også pengar.
 

[Des-2005]