Møte med Afrika 

[14.05.98) Tekst og foto: Torhild Tveito, Fosen Folkehøgskule 
 

Folkeakademiene Trøndelag, turné vår/høst 1998. Prosjektet blir også aktuelt vinteren 98/99.

Se også Prosjekt Afrika

 
 
 
Fosen Folkehøgskule til Afrika 
Me er åtte elevar og ein lærar som har vore på studietur til dei to afrikanske landa Burkina Faso og Senegal. På førehand hadde me øvd inn eit lite "Noregs Program" med song, dans og dramatisering av eit eventyr. Til dette fekk me hjelp av Coby Omvlee. Det var økonomisk støtte frå folkeakademiet som gjorde dette samarbeidet mogeleg.

På turné for Folkeakademiet 
Det var eit utruleg spanande og lærerikt opphold, og me har mykje me unskjer å formidla vidare til andre. I mai 98 vil me reise ut på ein foredragsturné i Trøndelag, for å fortelja folk om vårt møte med Afrika. Det me vil legja vekt på her, er opphaldet i Burkina Faso, her kom me nærmare inn på folk og miljø. Burkina Faso er eit innland som ligg i det tørre Sahel-området like sør for Sahara.

Jordbruk og likestilling
Me budde hos, og studerte, ein bonderørsle som heiter Naam. Denne rørsla har oppstått lokalt og jobbar for å betre tilhøva for folk i Sahel-område. Naam tar utgangspunkt i kunnskapen som ein finn lokalt, for kunnskapen om korleis ein kan betra miljøet og tilhøvet til folk, finn ein der og ikkje i Vesten. Burkina Faso er eit fattig land, men har likevel klart å halda på mykje av sin opphavlege kultur og sine tradisjonar. 

I byrjinga satsa Naam fyrst og fremst på hjelpa bøndene. Dei forbetra og utvikla gamle tradisjonelle jordbruksmetodar. Eit døme på det er at dei byggjer steingjerder med 15-20 m mellomrom. Desse gjerda stoppar vatnet slik at det får tid til å siga ned i bakken og dei hindrar jorda og verta vaska vekk. 

No har Naam utvikla seg til ei rørsle som ikkje berre jobbar med jordbruk, men og med spare- og lånekasse, alfabetiseringsprogram på fransk og lokalspråk, tre-planting, hagebruk og opplysning om helse og kosthald. Naam satsar særskilt på å hjelpa kvinnene. Dei gjev dei lån slik at dei kan kjøpa seg ein sau eller grønsakfrø slik at dei kan tena sine eigne pengar. Naam jobbar og for at det skal vera like mange representantar frå kvart kjønn innanfor råd og utval i rørsla. 

Tradisjonar 
Det er ikkje berre Naam-rørsla me såg på, men og på ulike andre aktivitetar som t.d. tradisjonell veving, såpekoking, batikk-farging og farging med indigo. Me besøkte ein småskule og eit gymnas. På mange av dei plassane me var, viste me fram vårt norske kulturprogram, og til gjengjeld var det mange som song og dansa for oss. Me hadde og eit fantastisk besøk i ein SOS barneby. Ungane der viste ein utruleg glede og livslyst, på tross av alt dei har vore gjennom. Barnebyen hadde berre eksistert i eitt år, og gjorde det berre endå meir imponerande at barna var så trygge og tillitsfulle og overfor framande. Sjølvsagt var dette besøket spesielt artig for dei som fekk møta sine fadderbarn. 

I Senegal var det nokre som gjekk på trommekurs, der lærte dei og nokre afrikanske songar. 

Til neste år reiser ei ny gruppe frå Fosen Folkehøgskule til Burkina Faso, og me håpar dei vil få eit like kjekt og lærerikt opphald som oss. 

Billedtekst:
#1: Gruppa saman med nokre av dei som jobbar i Naam-rørsla.
#2: Ei kvinne saman med ungane sine ute på eit hagebruksområde, som vart dreve av ei Naam-gruppe.
#3: Naam bygjer steingjerder som skal hindra at jorda vert vaska vekk under regntida og som skal stoppe vatnet slik at det får tid til å trekka ned i bakken.
#4: Frå besøket på skulen i landsbyen Somiaga.
 

Folkeakademiene Trøndelag 
Kontakt ved Fosen Folkehøgskole: Anne H. Furunes, tlf 73 85 85 85 

 
 
© FAL 1997-99 
[SIDESTART]  [HOVEDSIDE]  [FAL]  [DISTRIKT]  [PROGRAM]  [ARKIV[@]