![]() |
NØKKELEN
nr 2/2004
|
||
Frå landsmøtet
på Romerike Folkehøgskule i juni får to endringar i
vedtekter og formålspragrafar konsekvens for framtidas folkeakademi:
Ytringsrett for styret i akademia og synleggjering av kultur i førebyggjande
helsearbeid.
Landsmøtet var i år
lagt til eit naturskjønt område på Romerike. Dei omlag
100 deltakarane fekk med seg mykje fin underhaldning frå både
lokale stjerner, kunstnarlege folkeakademistar og det internasjonalt kjende
Moskva balalaikaorkester. "Eit tillitsvalt styre/årsmøte i Folke-akademienes Landsforbund står på demokratisk grunnlag fritt til å uttale seg og ta standpunkt i saker dei måtte ønskje. Eventuelle standpunkt og markeringar må ha grunnlag i idégrunnlag, vedtekter og handlingsplanar vedtatt av landsmøtet."Framlegget til vedtak vart samrøystes vedteke av landsmøtet og vart karakterisert som ein viktig milepel i landsforbundets historie. Dei lokale laga kan nå om dei vil, engasjere seg i både lokale og globale samfunnsaktuelle saker. Det er å vone at dette gjer Folkeakademiet til ein meir attraktiv organisasjon å arbeide i, kan hende særleg for engasjerte unge vaksne, ei gruppe som stendig vert etterlyst i organisasjonen. Natur, kultur og helse Bruk av kultur i førebyggjande helsearbeid, saman med ei poengtering av likestilling, toleranse og internasjonal forståing, vart også synleggjort gjennom vedtaket av ny føremålsparagraf: Den nye paragrafen lyder slik: ”Føremålet er å auke livskvaliteten for den enkelte gjennom deltaking i meiningsfylte kulturaktivitetar, medverka til at kultur vert brukt aktivt i arbeidet med å styrke folkehelsa og å formidla kunnskap og haldningar innan likestilling, toleranse og internasjonal forståing.” Både gjennom samarbeidet med NaKuHel-prosjektet, i ymse Helse og Rehabiliteringsprosjekt og gjennom mykje av verksemda generelt, er Folkeakademiet alt sterkt inne i folkehelsearbeidet. Men endringa stadfestar at førebyggjande helsearbeid er ein viktig del av organisasjonens målsetning. God kulturell ramme Men kva er vel ein landsmøtesamling utan kultur? Ei fullsett Ullensaker kyrkje høyrde fredag kveld Geirr Lystrup, Mocci Ryen, det fabelaktige Moskva Balalaikaorkester og Kløfta Sangerlag framføra Lystrups ”Vårtakkefesten”. Laurdag lét landsmøtet seg sjarmera av Ullensaker kulturskoles dansegruppe med born og unge som tydeleg demonstrerte både gutar og jenters glede ved å danse. At folkehøgskulen også har dyktige utøvarar viste lærar Steinar Amundsen. Saman med dottera og vokalisten Ingvild Kokstad Amundsen trollbandt han publikum med norske og irske folketonar. Imponerte landsmøtet gjorde også den rundt 90 årige Wergelandsspesialisten Eirik Sundli, tidlegare lektor ved Eidsvoll gymnas, då han som festtalar heilt utan manuskript tok deltakarane med på ein geografisk, historisk og kulturell ferd på Romerike, med Wergeland som rosina i pølsa. [Juni
2004]
|
|||
![]() |
![]() |