Kulturentreprenørane
Av Johan Solheim

Fra NØKKELEN nr 1/2004

Kulturentreprenørane er eit unikt samarbeid mellom Folkeakademiet (FA) Luster og Luster kommune, der begge partar utvekslar erfaringar når det gjeld kulturformidling.

Då FA Lusters fyrste landsmøte i 2003, etter ei tid i dvale, kom kultursjefen i kommunen, Erling Bjørnetun, for å representere kommunen. Han vart tent på tanken om at eit samarbeid mellom Folkeakademiet og kommunen kunne verta til gagn for kulturformidlinga i kommunen og på sikt bli eit betre verktøy enn om ein arbeidde kvar for seg. 
I føresetnaden for samarbeidet med kommunen ligg også inne at Folkeakademiet skal gje tilbod til barnehagar og skular som høver som påfyll i Den Kulturelle Skulesekken.

Det daglege samarbeidet
I det daglege fungerer samarbeidet slik at kultursjefen vert invitert til alle styremøte og fungerer elles som rådgjevar og medspelar når det trengst.  Dessutan gjev kommunen god økonomisk støtte til arbeidet både ved å vera med og byggja opp eit arrangementsfond, og ved å gje direkte tilskot til drift. På den andre sida tener dette også som ei kvalitetssikring for kommunen ved at dei uttrykte behova vert prioriterte gjennom Kulturentreprenørane.

Lokale krefter
Tanken er å bruka ein del lokale krefter og utvikle program med lokale emne. Vi har Urnes stavkyrkje, Munthehuset i Ytre Kroken, Vest-Jotunheimen og Jostedalsbreen. Men her er også rom for kulturutveksling og kulturpåverknad med omsyn til språk og dialektar, arkitektur og skikkar. Dette er noko Folkeakademiet Luster ynskjer å utvikle ein eigen ”pakke” på og styrke undervisninga med.

Elles må eg senda nokre hjartelege tips til kollegaer rundt i kring: Det er god folkeakademistrategi å pleia tilhøvet til kulturadministrasjonen i kommunen!
 

[Februar 2004]

© FAL 2004