Å skape trygge, reflekterte menneske
[15.10.2003] TEKST: Laila Robøle Holtan, leder

Fra NØKKELEN nr 3/2003.

 
I skrivande stund sit eg hjå gode vener i Hamburg. Nett no er det musikkfestival i Schlesvig-Holstein. Etter dagar med fine kulturopplevingar er batteria på nytt lada opp, og eg ser fram til å ta fatt på eigne oppgåver med nye krefter. Opphaldet går mot slutten, slik er det med sumaren og.

Denne sumaren har vore rik på sol, grøde og gode opplevingar, både privat og i organisasjonssamanheng. I ein særleg glans står FAL-samlinga i Jostedalen, saman med våre dugande distriktsleiarar og tillitsvalde. Drøftingane dreia seg om dagleg virke i organisasjonen, såvel som sentrale prinsippspørsmål og eigne framtidsvisjonar. I tillegg til fagleg ”påfyll” fekk vi gode kultur- og naturopplevingar. Slikt er grunnleggjande for samkjensle og samhandling. Eg reiste heim i visse om at alle fekk kveik og motivasjon til å ta fatt på krevjande oppgåver både lokalt og sentralt.

Organisasjonen har sett seg høge mål, vi vil vere ”ein reiskap for ei betre framtid”. Vi har umistelege verdiar å kjempe for: Kultur, miljø, demokrati og menneskeverd. Men motkreftene er mange og sterke. Færre er viljuge til å arbeide for fellesskapet, det er vanskeleg å få tillitsvalde. Mange synest å ha mist trua på at det nyttar å arbeide motstraums. Uro for framtida og maktesløyse er framtredande trekk hjå store deler av folket. Thor Heyerdahl sa eingong: ”Vi er mer stresset og forvirret enn noen generasjon før oss”. Kor kjem so all denne stress og forvirring frå?

Informasjonsstraumen som kvar dag veltar inn over oss med all verdas ulykker, vald og krig, skaper naturleg frykt og uro i sinnet. Kloden vår kan best liknast med skipet Titanic, eit tragisk eksempel på menneskeleg overmot. Åtvaringa som kom før ferden, vart ledd av - ekspertane sa at skipet var usårleg. Vi kjenner alle utfallet av turen, måtte det gå betre med ”romskipet jorda”. Men dette krev holdningsendring og omprioritering. Det heile dreiar seg om verdival.

Det synest som om menneska er i krig innbyrdes og med naturen. Framsteget er ikkje fleire pengar, meir makt og farlegare våpen. Vi kan ikkje påtvinge andre fred på våre premisser. Nelson Mandela, ein vis mann verd å lytte til, har sagt at dersom vi skal kome vidare mot ei betre/tryggare verd, må vi bli meir bevisste på dei verdi- og moralkriser som ligg bak vår tids konflikter. Dei store motsetningane mellom folk og nasjonar må nøytraliserast.

Det er sagt at krig er ein sjukdom i sinnet. Kva er då smittekjelda, sjølve årsaken til denne sjukdomen? Eg trur at vi alle blir manipulert gjennom dei fiendebilete som blir skapt av maktmenneskene og spreidd raskt med massemediene. Vi blir  mistenksame, usikre og redde. Redsle skaper aggresjon, dermed er spiralen i gang. Alle menneske som ikkje er heilt som ein sjølv, blir eit trugsmål mot det velkjente og trygge. Når vi meir og meir dyrkar hjernen framfor hjarta, fører dette til ein djup splittelse i sinnet. Vi mister evnen til innleving, medkjensle og samhandling.

Korleis kan vi  forandre verda til ein trygg stad for oss sjølve, våre barn og barnebarn? Gandhi seier: ”Du må sjølv vere den endringa du vil sjå i verda”. Sant nok, men ingenting er så vanskeleg som å endre tanke- og handlingsmønster. Vi formar framtida gjennom kjensler, tankar og handlingar. Forholdet til medmenneske er avgjerande om vi skal forme ei betre framtid. Tillit til kvarandre og tru på at det nyttar, er grunnleggjande.

Utan eit sett med felles verdier vil vi ikkje lukkast. Våre barn og barnebarn er dei som skal leva i - og leie morgondagens samfunn. Det er difor overmåls viktig kva slags ”sjeleføde” me byr dei i oppveksten. Kjenslevare barnesinn må skånast for krigspsykologi og vald. I heim og skule må ein i sterkare grad vektlegge innleving, medkjensle og omtanke, meir enn intellekt og ego. Gjennom kunst og kultur kan Folkeakademia gje gode opplevingar og derved styrke fellesskap og samhandling.

Om ikkje fantasien og dei skapande evner blir stimulert frå barndomen av, vil det bli vanskeleg å hente dei fram seinere i livet. Målet med arbeidet er både viktig og langsiktig: Skape trygge, reflekterte menneske med hjarte og hjerne.

© FAL 2003