Kva skjer med Skulesekken?

27. mars 2003, av Lina Bjelland

Fra NØKKELEN 1/2003


Den kulturelle skolesekken

Les også:

Åpen høring i kulturkomiteen
20.12.2002

Den kulturelle skolesekken
21.08.2001
Spenninga rundt fordelinga av Den kulturelle skulesekken-pengane fortsetter. Kva skjer i Folkeakademiet for å få del i Skulesekken?

Regjeringa går inn for å la fylkeskommunane forvalte mesteparten av dei ca. 60 friske millionane som vert sprøyta inn i Den kulturelle skulesekken (DKS) for skuleåret 2003-2004. Summen blir venteleg dobla neste år. Formålet er å sikre eit tilrettelagt og profesjonelt kulturtilbod til elevane i grunnskulen.

På Folkeakademiets distriktsnivå arbeides det hardt for å påverke utviklinga i skulesekkarbeidet. Dagleg leiar i FA Midt-Noreg, Anne Lise Hessen Følsvik, kan fortelje at DKS er godt utbygd i Møre og Romsdal. Alle kommunane har knytta seg til DKS, og nå siktar dei seg inn mot barnehagar.
- Vi har bede fylkeskulturstyret om å få vere leverandørar av kulturtilbod til barnehagane. Fylkeskultursjefen seier at dei sjølvsagt vil bruke oss. Det sa dei óg då vi ville vere leverandørar til skulen, men der blei vi ikkje trukke inn når det kom til stykket, seier Hessen Følsvik.

At fylkeskommunane held DKS tett inntil brystet og ikkje slepp til frivillege organisasjonar, er eit problem over heile landet. Derfor driv dei daglege leiarane i Folkeakademiet høg møteaktivitet med stortingspolitikarar frå eige fylke, fylkespolitikarar, fylkesadministrasjonar og andre for å informere om kven vi er og for å påverke til at vi får ta del i DKS.
- Eg jobbar og med å gjere Skulesekken til ein valkampsak til fylkestingsvalet, seier Hessen Følsvik.

Også på sentralt hald vert dei frivillege organisasjonane oversett i DKS-saka, meinar generalsekretær?i FAL, Pål H. Djuve. Han siktar til den faglege referansegruppa som er plukka ut til å bidra til innhaldet i Den kulturelle skulesekken.
- Ikkje ein person frå det frivillege kulturlivet er plukka ut til å utforme innhaldet i DKS, seier Djuve. Det må vi prøve å gjere noko med. Ellers arbeider vi heile tida med å støtte opp dei daglege leiarane. Nett no er deira innverknad på fylkesnivå viktig. Går ikkje det, må vi starte ei offansiv mot sentrale politikarar, seier Djuve. 
 
Fakta om Den kulturelle skolesekken:
  • Den kulturelle skolesekken (DKS) ble introdusert som et nasjonalt tiltak i 2001
  • Den kulturelle skolesekken skal sikre et profesjonelt kulturtilbud til elever i grunnskolen.
  • Den kulturelle skolesekken skal legge til rette for at elever i grunnskolen lettere skal få tilgang til, gjøre seg kjent med og få et positivt forhold til kunst- og kulturuttrykk av alle slag.
  • Den kulturelle skolesekken bidrar til å utvikle en helhetlig innlemmelse av kunstneriske og kulturelle uttrykk i realiseringen av skolens læringsmål. 
  • Den kulturelle skolesekken er et samarbeidstiltak mellom Kultur- og kirkedepartementet (KKD <http://www.odin.dep.no/kkd/>) og Utdannings- og forskningsdepartementet (UFD <http://www.odin.dep.no/ufd/>).

  •  

     

    Den kulturelle skolesekkens nettsted

    © FAL 2001