Politikarar - vi vil gjere meir!
[07.01.2003] TEKST: Generalseketær Pål H. Djuve
 
 
 

Fra NØKKELEN nr 4/2002.

 
Folkeakademistar veit at det å tileigne seg kunnskap, dele kulturopplevingar og vere kulturaktiv betyr mykje. Hvis departement og storting gjev oss betre økonomiske vilkår, vil langt fleire får høve til å oppleve den gleda slik aktivitet gjev. Lista over det vi vil og kan gjere meir av, er lang. Vi vil:
  • formidle fleire kulturopplevingar til barn og unge - gjennom skulen og i lokalmiljøet
  • lage barne- og ungdomsprosjekt der barn og unge er aktive
  • gje institusjonar og eldre gode, regulære og aktiviserande kulturtilbod. Eit stort og viktig arbeidsfelt
  • samarbeide med militærforlegningar og vertskommunane deira. Då når vi ungdomsgruppa mellom 18 og 26 år. Forsvaret har valt Folkeakademiet som sin organisasjonspartner i det sivilt-militære kultursamarbeidet. Det er vi stolte over, men det er også forpliktande
  • skape fleire gode møteplassar der folk kan gjere noko i lag på tvers av generasjonsgrensene. Like viktig som å få organisasjonar og institusjonar til å samarbeide, er det at menneske av ulik alder møter kvarandre, har gode opplevingar saman og lærer av kvarandre. Her har folkeakademistane ei stor oppgåve.
Folkeakademia må også bli betre kjent. Kan det bli slik at alle i eit lokalmiljø veit kva Folkeakademiet er? Ja, men då må folkeakademistane bruke moglegheitane som finst i alle miljø til å skape gode og attraktive program. «Grav der du står», heiter det. For ideane finst. Til dømes kan du i bladet denne gong lese om Folkeakademiet Vestre Slidre og korleis dei miksar skulebarn og institusjonar, ein idé det vil vere mogleg for mange å kopiere eller lage ei eiga vri på.

Kva må så til for at folkeakademistane kan yte meir? Landsforbundet og distriktssamskipnadene må sjølvsagt gjere det dei kan for at akademistane skal kunne gjere jobben sin best mogleg. Men det er og andre viktige moment. I «Den kulturelle skulesekken» vil det frå 2003 og i åra som kjem bli styrt inn mange millionar i tippemidlar. Folkeakademia både på fylkes- og lokalt nivå har mykje å bidra med i skulesekkarbeidet - om vi får lov.

Til dømes har distriktssamskipnadene dei siste åra årleg sendt omlag 100 turnear med 1000 turneprogram ut på vegen. Fleirtalet av desse retta mot til barn og unge. Fleirtalet av dei lokale akademiarrangementa er også retta mot denne gruppa. Klart at her ligg ein stor ressurs.

Kulturdepartementet har definert barn og unge som hovudmålgruppa vår. Difor burde det vere naturleg at Folkeakademia får bli samarbeidspartner i skulesekken. Men det er slett ikkje sjølvsagt. Mange fylkeskommunar er i ferd med å gjere dette til ei offentlig sak der frivillige organisasjonar ikkje får vere med. I fall det vert slik får barne- og ungdomsarbeidet vårt eit alvorleg skudd for baugen.

Og jo - vi treng meir statlege midlar. For 2003 søkte vi Kulturdepartementet om eit løft i løyvinga på 2.5 millionar.

Det var ikkje vanskeleg å dokumentere behovet for ei slik auke. Men vi vil vere takksame for kvar ekstra krone og kan garantere at det vil kome mykje og god aktivitet ut av dei.

© FAL 2003