Arne
og Hulda Garborg
Hulda
og Arne Garborg var forfattarar og kulturpersonar med meiningars mot.
Dei
tok aktivt del i samfunnsforminga. Garborg-året 2001 vil gjera kunsten
deira tilgjengeleg og formilda han på til dels utradisjonelle måtar.
Dei vil få fram kva ekteparet engasjerte seg i, kva slags verdiar,
haldningar og meiningar dei stod for. Litteraturen og livsverka deira inneheld
problemstillingar og perspektiv som grip like inn i debattar som pregar
overgangen til det nye hundreåret – til ømes
forholdet
mellom religion og vitskap, tradisjon og lausriving, det nasjonale og det
internasjonale, bygd og by, mann og kvinne. Derfor er jubileumsåret
først og fremst samtids- og framtidsretta med dagens unge som viktig
målgruppe.
Bli
kjend med Arne og Hulda!
I
jubileumsåret vil du kunne bli betre kjend med forfattarane og menneska
Arne
og Hulda på mange vis. I samarbeid med Det Norske Teatret og Riksteatret
vil Garborg-året 2001 innby publikum til eit møte med Garborgane
i eit nyskrive teaterstykke. Det Norske Teatret vil stå for produksjonen
og skal setja opp stykket vinteren/våren 2001, Riksteatret vil ta
det på turné om hausten.
Publikum
vil også kunne møta og bli betre kjent med ekteparet Garborg
i ein
nylaga
NRK-dokumentar.
Kva
skjer i Garborg-regionane?
I
Oslo og Asker planlegg dei ei stor utstilling om Garborg og Tyskland som
skal opnast heilt i byrjinga av jubileumsåret. Både Hulda og
Arne reiste mykje i Tyskland og hadde sterke band til landet. Elles planlegg
ein teaterverkstad i friluft, ein Hulda-utstilling på hausten og
ulike forfattarkveldar.
På
Jæren arbeider ein med å aktivisera barnehagar og skular for
at dei
yngre
skal bli betre kjende med Garborg. Det skal vere utandørs
Haugtussa-spel,
litteraturseminar og Garborg-revy. Ei utstilling med norsk
samtidskunst
i det gamle meieriet på Bryne er også under planlegging. Hå
gamle
prestegard planlegg ei maleriutstilling med bilete av kunstnarar frå
Hulda
og Arne si samtid. Rogaland teater ynskjer å lage utandørs
teater av
Hulda
sitt teaterstykke «Litit Kersti», og Garborg-året 2001
er i dialog
med
Stavanger Symfoniorkester om ein Garborg-konsert.
I Nordøsterdalen
er hovudsatsinga ein nyskriven kammeropera om ekteparet
Garborg.
Elles vil ein blant anna setje fokus på Hulda. I tillegg kjem
temakveldar
og seminar om Arne sitt tilhøve til kyrkja: «Treng kyrkja
ein
fritenkjar?»
og «Det idérike ekteparet på Kolbotn. Humor og humør».
Haugtussa-tonar
for born
Garborg-året
2001 er også eit nasjonalt jubileum, og omfattar arrangement
og
prosjekt med nasjonal innretting som vil vera landsdekkjande.
Blant
anna har alle grunnskular blitt oppfordra til å setje opp
syngjespelet
«Haugtussa-tonar» i 2001. Eit av hovudmåla for Garborg-året
2001
er at ekteparet Garborg sine verk skal bli betre kjent og leve vidare
blant
dei unge.
Rektor
Åsvald Solheim uttalte dette om prosjektet i Hå: «
Det er gledeleg
at
det no kjem ut ein slik «barnemusikal» på nynorsk.
(...) Tekstleg,
musikalsk
og scenisk vil eg tru at syngjespelet ligg godt innafor det som
er
mogleg å få til i ein vanleg grunnskuleklasse».
Garborgnett
Garborg-året
2001 har fått støtte frå Nasjonalt senter for læring
og
utvikling
(Læringssenteret) til å utvikle Garborgnett, ei nettside retta
mot
skulen som formidlar livet og verka til ekteparet Garborg på nye
og
spennande
måtar.
Garborgnett
vert lansert 25. januar 2001, på 150 årsdagen til Arne Garborg
og
opningsdagen for Garborgåret 2001. Nettsidene skal vere retta mot
lærarar og elevar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen.
Meir informasjon om Garborg-året 2001 finn du på vev-adressa:
www.garborg.no
Kor
er Folkeakademia?
Også
Folkeakademia engasjerar seg i Garborg-året 2001. Foreløpig
legg to
distrikt
opp program i samband med Garborg-året 2001.
Folkeakademiet
Agder har laga eit kveldsprogram som startar 29 februar og held fram
ut i mars. Programmet heiter «I strid så tung og sår»
Arne Garborg i ord og tonar. Programmet er ei blanding av konsert,
lysbildemontasje og dikt. Det er
komponisten
og organisten Eilert M. Hægeland, sangpedagogen Wenche Hundsbedt
Svindland og lektoren Olav Arne Kleveland som syng, les dikt og viser lysbilde
frå Garborg sitt liv.
Folkeakademiet
Rogaland har to Garborg-turnear denne våren; Forfattaren Tor
Obrestad tek opp ei rekke tema frå Hulda og Garborg sine liv, mellom
anna sjår ein på korleis desse emna kan nyttast i undervisning
i skulen. Sigbjørn Reime, som er fast omvisar i Garborgheimen og
er kjend som ein særleg dyktig og kunnskapsrik vegvisar i Garborgs
verden, tek opp det religiøse i Garborgs liv og diktning.
 |